tirsdag 25. desember 2007

God Jul!

God jul venner og godt nyttår! snakkes

søndag 11. november 2007

Cheers:D

Då va da faktisk verkeleg lenge sio sist eg oppdaterte denne bloggen min. No sit eg i senga mi å luske på laptopen mens Anders Mellingen, roomyen min, ligg nett borti nabosenga å søv. For noko tull!! klokko 2 på ein laurdag? å fysjomfy! han skal ikkje opp til frukost eingong i måro klokko 9, som meg!

Den siste veko har eg vore på teamteneste på Valdres fhs. Det var noko med det. Ein veldig spennande og på forhånd skremmande opplevelse. Vi kom med bussen der, kontaktlæraren vår hadde allerede kommen. Fekk på plass bustad og kvelds. spennande. Vi hadde morgonord og ulike arrangement. Dei første dagane gjekk mykje tid vekk til planlegging av Beat for beat. Eg og Arnold Børud brukte mykje tid på å gå gjennom sanger på førehand. Eg var Ivar Dyrhaug og leda ballet, men, heldigvis, med sjølvaste Arnold Børud på tangentfjøla kunne vel ingenting gå galt?? Han kan tross alt spela alle sanger i verda! Våre nye Valdresvenner tok utfordringa på strak arm, sjølv om alle sang i ulik dur frå kvarandre, og frå pianoet.

I dag var eg på vision på Drottningborg. Der traff eg Inga Birgitte frå gamalt av. Det var SÆRS koseligt. Følte med eitt at eg var heima i Bergen. Og så traff eg Karen. Koselig. i kveld såg vi "Den grønne mil" på 1'ern. Med gode muffins, og Per har bakt brød.

Eg har fått meg elektrisk tannkost sidan sist. Noko som er veldig kos. Den seier ifrå når eg er ferdig å pussa tenna, når kvar del av munnen er ferdig pussa, Flott. Eg spurde om Andreas ville prøva den, men han var redd for å få støt i tennene. (svenskevits)

Må avslutta med å ønska til lukke med stillinga som hovudpastor i Tremorkirken til Willy Landro. Gammelt nytt, men eg har ikkje blogga sidan, og er greit å nemna det no. Eg er sikker på at det er Gud som har satt han i stillinga, at det ikkje er menneskeverk. Guds fred!

mandag 3. september 2007

Arne Grimstad

Arne held i desse dagar til i Grimstad i aust-agder. Her i Grimstad liknar lite på Algrøy. Da e ingen tvil om at da e noko unikt me da å gå på bibelskule. Her har eg gått frå å ofte ha vore åleina heima til å ALLTID ha folk rundt meg her. Da krev litt omstilling frå å kunne vera skikkeleg trøtt og asosial om morgonen til å måtte vera positiv frå første stund. Da e vel kanskje litt feil tankegang då, målet burde vel vera å kunne vera meg sjølv. Men samtidig e da lett å vera positiv og glad med så mange flotte folk som ein har i fellesskapet her - kvar og ein unik på sin særeigne måte.
Eg burde vel sagt litt om kva som har skjedd her og sånt men da e jo so mykje. Vi et mykje mat, eg et mykje mat. Her ein dag besøkte vi Arnold Børud, fin fyr. Eg bur på internat 2, spenstig gjeng, spenstig internat. E på rom me anders mellingen, kjenner du han? Ett stykk gal mann...
Ellers e lærarane veldig dyktige. har hatt timer med forskjellige fag no, og ser veldig bra ut. Onsdag begynner musikktimena for fullt så det blir nok bra. I gårkveld hadde vi delekveld og mykje fint blei delt og sagt og eg trur alle satt igjen med mykje bra etter den. Rart å tenka på at vi berre har vore her ei veka, skulle nesten tru vi hadde vore her ein liten evighet. Så skal vi snart til danmark ein tur. Vi skal bu der i luksushytter nåken dagar. Blir bra!
Du må komma om besøka meg ein dag på rom 224, ingenting gler meg meir enn om du kjem her ein dag! Preikast!

lørdag 4. august 2007

Arne tar ferie...

Det har lagt i korta lenge.. No har arne kjørt sin siste mil med postbil! hvertfall på aldri så lenge, til jul kanskje?

No må eg kvila ut etter sommar med jobb, snakkes på arena

fredag 20. juli 2007

Giftemål 2





Etter å ha skrevet om bryllupet til Ingvild Berge Osaland må det seiast å berre vera rett og rimeleg med ein kort billedleg oppsummering av korleis da gjekk. Ho kom ned kyrkjegolvet i Fjell Kyrkje, dei sa ja, presten sa hurra (presten pappas politikerkompis Oddvar sin bror e min postkollega og kjører sånn stor posten trailer til oss i Sotra omdeling stadig), dei var mann og kone, eg gjekk heim, nei eg KJØYRDE heim, slappa av, skulle skriva tale. Det skjedde ikkje, plutseleg skulle vi gå til festen på Bildøy. Måtte henta kaker på sartor. Der skulle alle bilane i verda inn og ut samtidig. Kom til Bibelskulen, åt middag og va sosial. Meir sosial. Taler. Sosial. Bilder. Kaffi. Sosial. Tale av meg og Ragnhild. Underholding. Sosial. Brant nesten ned Bibelskulen med oljebrann. Gode tider. Litt bilder av Algrøy må til. Du va ein flott brud søster! Stolt av deg!



torsdag 12. juli 2007

Giftemål skål

På lørdag skal eldste systo mi gifta seg. Skal sei dei veks opp desse små. Ho som ein gong va so lita og brukte sin nye gameboy til å sjekka opp gutter skal faktisk gifta seg.

Da e fint me giftemål. Då får eg liksom høve til å eta uvanleg mykje god mat, ufortrinnsmessig MYKJE mat, treffe slekt som eg desverre ser alt for lite til, ha da kjekt, og ikkje minst så får eg øsa veldig store pengesummar øve min kjære søster alt på ein gong. Kan da verta betre?

Misforstå meg rett, alt e vel med dette og bryllaup og sånt og ny sivilstatus og etternavn på ho, men samtidig settes eg i litt av ein klemme. No får eg eit voldsomt forventningspress og tidspress øve meg i vidareføringa av dette fryktar eg. No har eg berre til eg e 25 år gammal før eg må gifta meg. Korleis skal dette gå?


Har ikkje kjøpt presang til dei enno. Eg veit kva eg vil kjøpa, men da e topp, topp, hemmeleg. Eg er fullbooka heilt til etter bryllaupet med bryllaupsting, så eg treng tydelegvis ein handsrekking... I dag har eg sjølvsagt vore på jobb, og vaska bilen grundig. Særleg felgene blei bra. Dette minner meg om at eg ikkje er ferdig enno... snakkes!

torsdag 14. juni 2007

Nattesynsing

Her ein dag etter skulen skulle eg gå til bilen etter skulen då ei i klassen spurde om ikkje eg kunne kjøra ho heim. Joda, tenkte eg at koseleg som eg vil vera skulle eg no gjera det. Samtalen i bilen vandra no sin gang før ho plutseleg spurde meg korleis drømmekvinna var for meg. Før eg tenkte meg om svara eg at for meg fanst det ikkje noko som ei drømmekvinna, at eg var imot begrep som drømmekvinne/mann. For meg er innstillinga at du ikkje skal ha ein bedre halvdel tilpassa deg sjølv og dine behov, men at når ein finn ein person som ein deler noko unikt med som ikkje kan definerast på forhånd.

Eg ønskjer ikkje finna ei kvinna som eg elsker pga opinionen til "hvermansen" seier at ho er bra. Det er ikkje kor bra eit menneske ser ut eller korleis det kler seg som gjeld.

Jesus elsker oss ikkje på grunn av den eg er, men på tross av den eg er! Hadde han sett på utsjånaden min hadde han aldri ville hatt samfunn med meg. Eg veit eg ikkje på nokon måte er perfekt, dessutan gjer eg dagleg imot Herren. Det er dette som er ekte kjærleik. Folkens, elske nokon for feila deira, elska nokon på tross av det gale og gå til hjartet og finna det gode. Det er denne kjærleiken eg ynskjer å dela med ein annan person. Der ein elske trass i feila, ein kjærleik lik Kristi kjærleik. Det er når vi søker Hans kjærleik vi kan stråla den vidare til dei rundt oss og ha ein genuin kjærleik frå hjartet! Eg satse knallhardt på at den kjærleiken Han har gitt meg e den som eg gjev vidare ein gong!

"I din fred finn eg kvile. Din evigvarande ande omgir meg og rettleiar meg i mi naud. Halleluja ditt hjarta er reint! du let oss ta del i din leikam! Min forstand er dårskap for deg, du som er skapar av verda. Det er din storhet med lækjedom og nåde eg vil proklamera!

Far lat meg få fri. Eg vil gjera ditt verk, bruk meg. Eg søkjer di rettleiing på mi ferd. Lat ikkje mi frykt for det ukjende skremma meg, det er alt deg underlagt, du som held alt liv i di hand."

Lat oss møta ferien med glede, god ferie folks!