Torsdag hadde eg fått beskjed om at bilen sku på eu-kontroll.. Naiv som eg er tok eg stand i bilen. Eg hadde fått spennande tilbakemeldingar på at ein av tingane som skulle utbedrast var at låsen på bilen på førerdøra er litt på halv åtta og har ikkje kunne låsast opp frå utsio, og no heller ikkje kan opnast frå utsio... Med utsikter som dette kunne ingenting gå gale. Eg kjøyrde til byn, eller Bergen by får eg vel seia så utlendingane frå andre landsdelar som er del av min svimlande store gruppa av lesarar. Der leverte eg bilen på Ford verkstaden kverneland eller kva den heiter..
Etter skulen ringte eg mamma for å høyra om bilen var klar for henting. Då fekk eg beskjed om at den ikkje var reparert. Det skulle visa seg at dei hadde sagt at bilen strauk på så mange punkt at det ikkje var verdt å reparera den. Dette var berre med dei tinga som MÅTTE gjerast for at den skulle få kjøyra. Andre ting som låsen og den sporadiske rusinga av motoren når eg tar inn clutchen var ikkje med då eingong! Ting som var feil som måtte ordnast for å få godkjenning var ting som bremsefordelinga på bakakslingane, håndbrekket og diverse andre.
Skumle ting dette med EU-kontroll! No kan bilen berre kjøyrast i ein månad sidan den berre hadde godkjenning ut april. Etter det kan eg kjøyra i 1-2 månadar men så risikerer eg avskilting. Men eg gjev meg ikkje utan kamp! Bilen går til den vert avskilta! Leve Ford Fiesta! Kanskje det er like godt at den dør, så kjøper vi ny? på den andre siden så har eg ikkje busslappen og kan ikkje kjøyra mercen, og kan ta tid før det vert kjøpt ny bil sidan det alikevel stort sett var eg som brukte den bilen.. Kva kan ein stakkars kar gjera?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar